Butikken hjå oss i Utne byr på mykje. I sesong finn du deilige Hardangerfrukter rett frå bonden sjølv. Skal du lage saft eller syltetøy, eller berre nyta førsteklasses frukt anbefaler vi deg ein tur til oss i høgsesongen, mellom juli og november. Då byr vi på Hardangermoreller, Hardangerplommer, Hardangerepler og Hardangerpærer. Norsk frukt i verdsklasse!