Skulevegen 24
5745 Aurland
Skulevegen 24
5745 Aurland
Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har gardsbutikk på tunet til den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet. Her finn du eit breitt utval av økologiske daglegvarer og gåveartiklar, samt gartneri med sal av blomar, oppalsplanter og hageutstyr. Gardsbutikken er idyllisk plassert mellom fjord, fjell og fjøs.
Gjennom sesongen tilbyr dei grønsaker, frukt og bær produsert ved skulen. Dei foredlar varer som honning, eplesaft og meieriprodukt i eige ysteri, alt økologisk. I tillegg sel dei produkt frå andre lokale bedrifter, som is, kjøt, sjokolade, hudpleie og ullprodukt.